Senior økonomikonsulent - ECIT Services AS - Visere AS
Job Description

ppbECIT Services AS /bsøkjer ein fagleg sterk og engasjert bsenior økonomikonsulent /b som vil ta ansvar for eiga kundeportefølje og bidra til gode løysingar for kundane våre. Hos oss får du ei rolle med fagleg breidde og moglegheit til å utvikle deg vidare i eit solid fagmiljø. /p pbVi har kontor i Førde og Florø /b, og er lokalt ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet vårt Progresso AS. Til saman utgjer vi eit fagmiljø med 26 medarbeidarar i Florø og Førde. Trivsel, samhald og fagleg utvikling er viktige verdiar hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der du både kan prestere og trivast. ECIT Services har høg kundetilfredsheit og eit godt omdøme i regionen, noko som speglar kvaliteten i leveransane våre. /p pAuka pågang frå nye kundar gjer at vi no ønskjer å styrkje laget. Kundeporteføljen vår er variert og gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping og brei erfaring. Vi søkjer ein lagspelar som ønskjer å bidra til vidare vekst og utvikling - både hos oss og hos kundane våre. /p h3Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver /h3 ul lipAnsvar for eiga kundeportefølje /p /li lipLøpande rekneskap og rapportering /p /li lipÅrsoppgjer og skattemelding /p /li lipDeltaking i større rekneskapsoppdrag /p /li lipRådgjeving og dialog med kundar /p /li lipVidareutvikling av leveransar og tenester til eigen portefølje /p /li lipFagleg støtte og kvalitetssikring internt /p /li lipMoglegheit for spesialisering innan bransje, deltaking i nasjonale oppdrag eller kortare utleigeoppdrag hos kundar /p /li /ul h3Dette kan vi tilby deg /h3 pI ECIT Services brukar du erfaringa di både i rekneskapsarbeid og i rådgjeving mot kundane, og du får høve til å bidra i utviklinga av tenestene våre. Du vert ein del av ei verksemd som satsar på moderne, effektive og digitale løysingar. Vi ønskjer å vere i førarsetet når det gjeld utvikling av arbeidsprosessar og teknologi, og du vil få ta del i dette arbeidet. /p pVi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der vi legg stor vekt på trivsel, kultur og fagleg utvikling. Som medarbeidar hos oss får du tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og nettverk på tvers av avdelingar og fagområde. /p h3Kven er du? /h3 pSom person trur vi at du er engasjert, nøyaktig og opptatt av å skape gode relasjonar – både til kundar og kollegaer. Du arbeider sjølvstendig, men trivst òg i samarbeid med andre, og du tek initiativ når du ser rom for betring eller utvikling. Du har ei naturleg interesse for faget, held deg oppdatert og ønskjer å bidra positivt til arbeidsmiljøet rundt deg. /p pVi ser for oss at du har: /p ul lipErfaring innan rekneskap og/eller revisjon /p /li lipRelevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon, til dømes siviløkonom, statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning. /p /li lipGod kjennskap til regelverk og fagområde /p /li lipGod evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte /p /li lipGod systemforståing og trygg i bruk av digitale løysingar /p /li lipTrivst med kundekontakt og jobbar proaktivt for å avdekke kunden sine behov /p /li lipDelingsorientert og opptatt av å bidra til eit godt fagmiljø /p /li lipAutorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel, men ikkje eit krav /p /li /ul h3Lyst til å ta ein prat om stillinga? /h3 pTa kontakt:br/Daniel Klakegg Dvergsdal – / br/Asbjørn Grini – / /p pAlle søknadar vert behandla fortløpande. /p h3Om ECIT Services AS /h3 pECIT Services AS er ein del av ECIT-konsernet - eit av Nordens største teknologi- og økonomihus. ECIT har over 2 600 medarbeidarar og ei årleg omsetning på fleire milliardar kroner. Konsernet leverer tenester innan rekneskap, løn, rådgiving, IT og forretningsløysingar, samla på éin stad for å gjere kvardagen enklare for kundane våre. /p pLokalt i Florø og Førde er ECIT Services ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet Progresso AS. Her finn du engasjerte fagpersonar som samarbeider tett, deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen. Vi legg stor vekt på kvalitet, trivsel og balansen mellom arbeid og fritid. /p pECIT vart etablert i 2013 og har hatt sterk vekst sidan oppstarten. I dag har konsernet verksemd i mellom anna Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Tyskland, Polen og Storbritannia. Trass i storleik og vekst er vi opptekne av lokalt nærvær, entreprenørskap og eigarskap. Kulturen vår er bygd på verdiar integritet, mot, open kommunikasjon og entreprenørskap. Desse verdiar pregar måten vi jobbar på – både internt og saman med kundane våre – og fungerer som ei rettesnor i kvardagen. /p /p #J-18808-Ljbffr

;

jobseekers

Looking for a job?
Apply now

Recruiter

Are you on recruiting?
Post a Job